JON HJØRNEVIK

Jon Hjørnevik (fødd 1970) er dessverre frå Voss. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå første dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn.
 
Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen.
 
Forfattaren stakk frå revisorposten sin etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det fann han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabarét saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabaréten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar summerer opp eit turbulent og hardt forfattarliv.
 
Etter dette har det vorte fleire diktsamlingar: Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset og Heimekontor i gravferda.
 
Etter stort påtrykk frå Dalen Lyrikk kjem endeleg Jon Hjørnevik til symposiet.

Tidligere program

JON HJØRNEVIK

Katalog 2018

 

Katalog 2018