HILDE DANIELSEN

Hilde Danielsen, fødd 1971 i Odda, er forskar ved UNI Rokkansenteret i Bergen. Hilde er kulturvitar med hovudfag frå Universitetet i Bergen 1998 og doktorgrad frå 2006. Forskningsinteressene hennes inkluderer normer og idealer, representasjon og praksis knytt til familieliv, kjønn, intimitet, samliv og seksualitet i fortid og nåtid.

Ho har lenge forska på husmødre, Oddas kvinnehistorie har vore sentral i forskinga. Ho har mellom anna skrive historia til Dei moderne kvinnene i Odda: ein studie av mødrehygiene og barneavgrensing i mellomkrigstida, og Husmorhistorier, Norske Husmødrer om menn, barn og arbeid, frå 2002.

I 2013 gav ho ut Da det personlige ble politisk. Den nye kvinne- og mannsbevegelsen på 1970-tallet,  og ho var ein av forfattarane bak Norsk likestillingshistorie 1814 - 2013.

Fagleg jobbar ho no med eit forskningsprosjekt om ideal og normer for foreldreskap i det mangfaldige Norge. (Parenting Cultures and Risk Management in Plural Norway) med utgangspunkt i ein studie av bydelen Årstad i Bergen.

Danielsen er redaktør for Tidsskrift for kjønnsforskning.
HILDE DANIELSEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018