HENNING H. BERGSVÅG

Henning H. Bergsvåg er fødd i 1974 i Bergen, der han framleis er busett.

Før Bergsvåg debuterte hausten 2000 med diktsamlinga Newfoundland, hadde han publisert dikt i Signaler 98 og i tidsskrift som Nemesis og Journal Ka. Han var ein av drivkreftene bak Bergen internasjonale poesifestival, og er engasjert i Den Norske Forfatterforening. Han er initiativtakar til den månadlege poesiklubben på kafé Opera i Bergen: Poesidigg.

Bergsvåg er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og ved Litterär Gestaltning ved Göteborgs Universitet. Diktninga hans orienterer seg mot samtidige franske og svenske stemmer, og han har blitt gjendikta til svensk i tidsskrift som Oei og Horisont.

I 2016 kom han ny diktsamling: Du er ikke her.

Skjønnlitterære utgjevingar:
Den engelske hagen. Dikt 2013
Over elven Tweed. Dikt 2010
Nemesis. Dikt 2007
Nattarbeid. Dikt 2003
Newfoundland. Dikt 2000
HENNING H. BERGSVÅG

Katalog 2016

 

Katalog 2016