HC GILJE

HC Gilje er ein norsk lyskunstnar. 

Han har bevegd seg mellom installasjon, eksperimentell video, live performance og scenografi sidan han gjekk ut frå Kunstakademiet i Trondheim i 1999.

Han fekk ein pangstart på karrieren med eit ett-års residency på Künstlerhaus Bethanien i Berlin 2000-2001. Gilje var ein leiande karakter på live cinema-feltet frå rundt 2000 (med 242.pilots og andre konstellasjonar) og turnerte verda rundt. Samstundes jobba han med eksperimentell video som vart vist i diverse film-, kunst- og festivalkontekstar. Nokre av videoane vart òg gitt ut på DVD: 242.pilots live in Bruxelles på New York labelet Carpark og HC Gilje Cityscapes utgitt på Paris-labelet lowave.

Gilje har og vore aktiv på teater- og dansefeltet, først og fremst gjennom sitt mangeårige samarbeid med koreograf Eva-Cecilie Richardsen. Saman etablerte dei Kreutzerkompani, med ein årleg produksjon frå 2000 til 2006.

I 2006 endra Gilje retning, kor han tok element frå sin tidlegare praksis (utforsking av fysiske rom frå video, skaping av rom frå scenearbeid og improvisasjon frå live-verksemd) inn i eit langsiktig prosjekt som har fått namnet "Conversations with Spaces". Dette prosjektet utforskar, hovudsakleg gjennom store installasjonar, sansing av endring og transformasjon av fysiske strukturer (rom, landskap, objekt, kroppar) gjennom flyktige media som lys, projeksjon, lyd og rørsle. Installasjonane har blitt presentert i tradisjonelle gallerirom, utandørs og i meir ukonvensjonelle omgivelser.

Gilje gjer framleis enkelte live-framføringar, stort sett i samarbeid med Maja Ratkje, i tillegg til enkelte videodesign- og scenografiprosjekt for scene.


SKALLTAKET
Litteratursymposiet og planavdelinga i Odda kommune jobbar med eit permanent lyssetjingsprosjekt av Skalltaket. Kunstnar HC Gilje er på saka, resultatet kjem i løpet av vinteren. På littsymp får vi ein smakebit av eit lyssett Skalltak. 
 

Program 2017

HC GILJE

Katalog 2017

 

Katalog 2017