GRO DAHLE

Gro Dahle er fødd i 1962 og bur på Tjøme i Vestfold. Ho er cand.mag frå Universitetet i Oslo, og har studert kreativ skriving ved Høgskolen i Telemark.

I 1987 debuterte ho med Audiens - ei diktsamling som blei svært godt mottatt. Ho har sidan markert seg som ein av våre mest sentrale lyrikarar. I 2006 kom hennar fyrste vaksenroman, Huset i snøen, som fekk ei samrøystes god mottaking frå kritikarane. 

Gro Dahle har skrive bøker i mange sjangrar og vunne ei rekkje litterære prisar, mellom anna Brageprisen for beste barnebok i 2002, Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur, beste illustrasjon for boka Håpe sa gåsa, i 2011. Sistnemnde er illustrert av Gro Dahle si dotter Kaia Linnea Dahle Nyhus. Fleire av Gro sine bøker er illustrert av mannen hennar, Svein Nyhus. Saman blei dei tildelt Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2014 for biletboka Akvarium. I 1998 mottok Dahle Aschehoug-prisen for heile sin forfattarskap. I 2015 vart ho tildelt Triztan Vindtorns poesipris for innsatsen sin for norsk poesi. 

Ho har ein omfattande produksjon av barnebøker, gjerne med fokus på vanskelige tema og livssituasjonar som barn kan oppleva, fordi “både vaksne og barn treng eit språk for dei vanskelige erfaringane sine”

Bøkene til Gro Dahle er omsett til ei rekkje språk. Ho har halde mange populære skrivekurs og utgitt bøker om å skrive. 
 

Program 2019

GRO DAHLE
Foto: Cappelen Damm