FRANK TØNNESEN

Frank Tønnesen (fødd 1972) er ein norsk visesongar, gitarist og låtskrivar fra Sokndal, som debuterer skjønnlitterært i haust.

Frank er nok best kjend under artistnavnet Tønes. Han gav ut sitt første album, Rett te håves, i 1996 og har gjeve ut totalt åtte album og fire EP-er. I tekstane nyttar han Sokndal-dialekt og fortel humoristiske og underfundige historier om små og store ting. I 2012 gav han ut albumet Sån av Salve. Etter utgjevinga vart han tildelt Prøysenprisen for 2012 og vann Spellemannprisen 2012 i klassane vise- og tekstforfattar. For albumet vart han òg nominert til Nordic Music Prize for 2012. Han fekk Dialektprisen for 2013.
 
I haust debuterer han som roman-forfattar med ein kollektivroman på Pelikanen forlag: Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem. Her skuler folk mellom gardinene og samlar på fajanse, medan dei sosiale kodane dikterer i kva grad du er nødt til å invitera naboen inn på middag, dersom han ringer på akkurat i det fårikållukta spreier seg frå kjøkkenet. Dette kan sjølvsagt irritera og debatterast til du blir blå i fjeset.
 
 
 
 
 
 

Program 2018

FRANK TØNNESEN
Foto: André Løyning

Katalog 2018

 

Katalog 2018