ESKIL ENGDAL

Eskil Engdal er ein prisvinnande journalist og forfattar.

Engdal har jobba i Dagens Næringsliv i meir enn 20 år og er mellom anna kjend for å gje lesarane eit innblikk i ei ukjend verd av organisert kriminalitet. Han fekk SKUP-prisen i 2001, International Reporter´s Journalism Award i 2012 og Gullpennen i 2013.

Engdal er i år aktuell med boka «Thunder», eit samarbeid med Kjetil Sæter. Boka tek for seg organisert miljøkriminalitet, piratfiske i Antarktis og jakta på det verdkjende piratskipet «Thunder» i verdas mest værutsette område.


 

Program 2017

ESKIL ENGDAL

Katalog 2017

 

Katalog 2017