ERLEND LOE

Erlend Loe er fødd i Trondheim i 1969, og busett i Oslo. Han er ein norsk romanforfattar, omsetjar, manusforfattar og filmkritiker. 

Han debuterte med romanen Tatt av kvinnen i 1993. Naiv.super (1996) vart ein stor suksess nasjonalt og internasjonalt og fekk raskt nemninga generasjonsroman. I 1999 kom dokumentaren L, resultatet av ein ekspedisjon der Loe med kompisar parodierte den moderne ekspedisjonskulturen og den tilhøyrande litterære sjanger. I 2006 mottok han Prix Européen des Jeunes Lecteurs (Europeisk ungdomspris) for romanen.

Loe har oppnådd stor anerkjennelse for sin beskrivelse av den moderne mannen i Doppler (2004) og Volvo Lastvagnar (2005), i Muleum (2007) kan vi lesa om 18 år gamle Julie, som mistar storebror og foreldre i ei flyulykke. I 2009 kom Stille dager i Mixing Part, og i 2013 kom Vareopptelling, der vi møter den fallerte poeten Nina Faber, som ikke aksepterer slaktet av sin siste diktsamling Bosporos. Det er pay back time.

Erlend Loe har og skrive fleire filmmanus, gjendikta den amerikanske poeten Hal Sirowitz' med Sa mor i 1997 og Sa terapeuten min i 1998, og han har eit suksessrikt forfatterskap for born, der bøkene om Kurt er sentrale, alle illustrert av Kim Hiorthøy.

Han er ein av tre manusforfattarar bak suksesserien Kampen for tilværelsen, som har sett debatten om den fornøyde norske middelklassen på dagsorden. 

Hausten 2015 kjem Loe med ny roman.
 
ERLEND LOE
Foto: Helge Skodvin

Katalog 2018

 

Katalog 2018