Endre Lund Eriksen

Endre Lund Eriksen (fødd i Bodø i 1977) er ein forfattar, særleg kjend for sine barnebøker. Han debuterte i 2002 med barneboka "Pitbull-Terje går amok", som vart tildelt Kirke- og Kulturdepartementets litteraturpremie for beste barne- og ungdomsbok. Boka har blitt ein bestselger, er seld til fleire land og har og blitt ein populær film.
Endre Lund Eriksen har sjølv skrive manus til filmen som fekk Amandaprisen 2006 for beste barne- og ungdomsfilm og kinosjefenes Sølvklump for beste norske film 2006.
Pitbull-Terje møter vi på på ny i Pitbull-Terje og kampen mot barnevernet (2006) - vinner av ARKs barnebokpris - i Pitbull-Terje blir ond (2007) - vinner av UPrisen 2008 - og i Pitbull-Terje på sporet av den tapte far (2010) .

I 2003 kom romanen Ingen kan stoppe meg no, forfattarens første bok for vaksne. I 2004 gav han ut barneboka, Jafs. Flukten fra Villmarka Zoo, i 2005 kom romanen Det tar ikke slutt samt barneboka Pelle blir rappa. Endre Lund Eriksen har og skrive filmmanus til "Svein og rotta i verdensrommet" sammen med Gunnar Hammer, basert på Marit Nicolaysens bøker.

Endre Lund Eriksen har fått ARKs barnebokpris enno ein gang: for En terrorist i senga (2008). En terrorist i senga er seld til eit arabisk forlag, og Førstemann som pissa på månen (2009) er seld til Korea og Tyskland. Ungdomsromanen "Super" (2009) er seld til Tyskland og Nederland.

Forfatteren har skrive flere småbarnbøker om Alvin Pang, og han står også bak suksessen Monstrene i Dunderly. I 2012 kom Den sommeren pappa ble homo.

Endre Lund Eriksen har fått Bodø kommunes kulturpris for 2010 og Skolebibliotekarenes litteraturpris. Han er tildelt Teskjekjerringprisen 2013 for sitt forfatterskap.
Endre Lund Eriksen

Katalog 2018

 

Katalog 2018