EIVIND HOFSTAD EVJEMO

Eivind Hofstad Evjemo (fødd 1983) er ein norsk forfattar frå Levanger, busett i Oslo. Han var ein av dei utvalde på Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival sin liste av 2015: «De beste forfattarane under 35».

Evjemo har studert litteraturvitskap i Oslo og Litterær gestaltning i Gøteborg.

Debutromanen Vekk meg hvis jeg sovner (2009) fekk han Tarjei Vesaas sin debutantpris for. Same året debuterte han med ein tekst til Signaler, ein antologi han seinare tok over redaktøransvaret for.  

Gjennombrotet kom med Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet (2012). Den fekk mykje merksemd som den store Kommuneromanen. For den fekk han Ungdommens kritikarpris. I Velkommen til oss (2014) skreiv han om sorg før og etter  22. juli. I årets diktsamling Kvelningsminner møter vi dei som må senda sine kjære vekk frå heimen, til institusjonar, og følgjer dei i leitinga etter verdighet og menneskelegheit.

Hofstad Evjemo vart kåra til årets trønderske forfattar 2012, fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2009, og Bjørnsonstipendet.
 
 

Tidligere program

EIVIND HOFSTAD EVJEMO

Katalog 2018

 

Katalog 2018