CECILIE LØVEID

Cecilie Løveid (fødd 1951) er ein norsk dramatikar, forfattar og lyrikar. Ho vaks opp i Bergen, flytta til Oslo i 1987 og har vore busett i København fra 1999 til 2011, før ho flytta tilbake til Bergen. Flyttinga heim igjen er tema i hennar siste, kritikarroste diktsamling Flytterester (2012).

Løveid var redaksjonsmedlem av tidsskriftet Profil på 60–70-talet. Ho debuterte med romanen Most i 1972, etterfulgt av Tenk om isen skulle komme (1974), Mørkets muligheter (1976), Alltid skyer over Askøy (1976) og Fanget villrose (1977). Løveid skriv ofte ein blanding av prosa og lyriske tekstar, og høyrer med blant dei mest originale og eksperimentvillige forfatterne i sin generasjon.

Cecilie Løveid var Festspilldikter ved Festspillene i Bergen 1991, har sitte i Forfatterforeningens litterære råd og Dramatikerforbundets Dramatiske Råd og vore norsk representant ved Bonnerbiennalen. Ho underviser i dag ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Ho er ein av våre mest spelte dramatikarar, og har vunne internasjonal anerkjenning. Ho har og opptrådt i eigne performance-forestillingar, og har samarbeidd med fleire komponistar og biletkunstnarar. Dei fleste av hennar skodespel er omsett og framført i utlandet. Ho har og utgitt barnebøker, og hun har mottatt ei rekkje prisar for sitt forfattarskap, m.a. Gyldendalprisen 2001.

Tidligere program

CECILIE LØVEID

Katalog 2018

 

Katalog 2018