CATGUTS AND HORSETAILS

Catguts and horsetails er ein duo på kontrabass/trekkspel og cello/vokal som spelar cabaretinspirerte songar. Linda Eide skildra musikken deira som "Burleske skillingsviser". Dei leiker seg med utradisjonelle kjønnsrollemønster og mannedrap. Tema som død, vald, alkoholisme, sex, blasfemi og angst står sentralt, og vert handsama med humor og vakre enkle melodiar. Dei er inspirert av ulike sjangrar og stilartar, som jazz, country, vals og visesang, og tekstformidling er ein stor del av uttrykket. Dei skriv dei fleste songane sjølv, men har nokre lånte fjær i buketten. Tekstane er på engelsk.
CATGUTS AND HORSETAILS
Foto: Boemo Hansen