ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

ANNLAUG BØRSHEIM

Annlaug er musikar, komponist og tekstforfattar frå Ulvik som jobbar innanfor eit vidt spekter av musikk; frå tradisjonell slåttemusikk på hardingfele til støyete elektriske gitarar og visete popmusikk.

Ho har gjeve ut fleire plater, både solo og saman med andre og turnerer i inn og utland.
I duoen Djønne&Børsheim saman med toradarspelar Rannveig Djønne spelar ho ny og eldre folkemusikk, inspirert av dei rike musikktradisjonane frå Hardanger. Med Pedro Carmona-Alvarez spelar ho popmusikk og er fast medlem i bandet til Frode Grytten. Annlaug har vore på symposiet i fleire år, sist sett i fjorårets bestillingsverk "Veggen".

Børsheim har vore engasjert ved Sogn og Fjordane Teater i førestellinga Ivar Medaas – Dar kjem Dampen saman med Claus SellevolI, Olav Stedje og Aage Vaksdal.

I samarbeid med Haugesenteret i Ulvik utvikla ho saman med Mari Skeie Ljones og produsent Anne Stefi Teigland lyrikk- og musikkprogrammet ”Tenk om eg var ein tanke”, basert på tekstar frå Per Olav Kaldestad si bok Når Morgonfrosken Syng, som Annlaug har laga musikk til. Dette turnerer dei med i Den Kulturelle Skulesekken i Hordaland. Bandet Morgonfrosken syng og spelar desse songane, held konsertar og skal spele inn plate i haust som kjem utpå nyåret.

 
annlaug%20per%20finne