ANNETTE MÜNCH

Annette Münch (fødd 1981 i Oslo) er ein norsk redaktør, journalist og ungdomsbokforfattar.

Ho debuterte i 2006 med romanen Kaoskrigeren (2006), som ho fekk Kultur- og kirkedepartementet sin debutantpris for.

I 2009 gav ho ut Jenteloven, om gjengmiljø blant jenter. Boka vart nominert til Brageprisen. Seinare same år skreiv ho 8 tegn på at han liker deg til novelleantologien WOW. Novella Sweet Sixteen vart gitt ut i novelleantologien Nesten som før året etter. I 2010 fekk ho Bokhandelen sitt stipend for borne- og ungdomsbokforfattarar.

Den ultimate guiden til kampsport kom ut i 2012, og vart nominert til Kulturdepartementet sin pris for borne- og ungdomslitteratur i klassen beste fagbok.

Badboy: Steroid kom ut i 2014, og vann Brageprisen i kategorien beste barne- og ungdomsbok. Saman med rap-artistane Erik og Kriss laga ho eit multimedia-foredrag basert på boka, med fokus på kroppspress og anabole steroider. Kva gjer at nokre ungdomar vel å ty til medikament for å få drøymekroppen? Multimediaproduksjonen som formidlar historia om 17 år gamle Casper nyttar film, intervju, foto, lyddesign, fengande musikk og høgtlesing skal på skuleturné i Odda og Ullensvang under symposiet.
 

Tidligere program

ANNETTE MÜNCH

Katalog 2018

 

Katalog 2018