AGNES RAVATN

(f. 1983) er Ølen i Vindafjord. Ho er forfattar, spaltist og skribent. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

Ho debuterte med romanen Veke 53 i 2007. Her møter vi den middelaldrande, skilde lektoren Georg Ulveset, som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet. I 2008 kom den svært utradisjonelle utgivinga Ikke til hjemlån, med høgdepunkt frå undergrunnsfanzinen som Ravatn var ein av drivkreftene bak.

Ho har vore journalist i Dag og Tid i mange år, og har skrive fleire seriar der ho har utforska livet og folket og seg sjølv. Nokre av dei har kome ut i bokform. I essaysamlinga Stillstand, frå 2009, skriv Ravatn ein serie essay med utgangspunkt i situasjonar der ingenting skjer. Resultatet vart eit humoristisk og sivilisasjonskritisk portrett av Noreg, med høg gjenkjenningsfaktor. Seinare tråla ho bladhyllene på Narvesen og tok jaktblada på kornet og pornoblada på dei mest erogene sonene i essaysamlinga Folkelesnad (2011).

Hennar andre roman, Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen 2013, og vart sett opp som teater på Det Norske Teater.

I 2015 kom Operasjon sjølvdisiplin - ei sjølvhjelpsbok for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker.

 
AGNES RAVATN
Foto: Agnete Brun

Katalog 2018

 

Katalog 2018