LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

#IKKJEETTERBOKA

Tekstallianse inviteret til ein samtale som skal utforske formelle og subjektivt opplevde grenser mellom overgrep, seksuell trakassering, vulgaritet og flørt, og reaksjonar på dette.

Seksuell trakassering i bokbransjen: No kan ein berre halde på, utan sanksjonar,
skreiv Agnes Ravatn i Aftenposten i 2020. 

På Litteratursymposiet i Odda med temaet ATTRÅ, inviterer Tekstallianse til ein samtale som skal utforske formelle og subjektivt opplevde grenser mellom overgrep, seksuell trakassering, vulgaritet og flørt, og reaksjonar på dette.

Forfattar og forleggar Nils-Øivind Haagensen skriv i si nye bok Sangria i parken om dynamikken innad i guttegjengen, om den ofte stilltiande aksepten menn i mellom når det kjem til korleis dei ser på, snakkar om og behandlar kvinner, og om kva som skjer når nokon seier frå om noko som ikkje er greit.

Psykolog Fanny Duckert gjev i haust ut Flørt! Om blikk, berøring og øyeblikkets kjemi saman med Øyvind Kvalnes. I ein artikkel om boka har dei skrive at avsløringene av vulgær og uakseptabel seksuell adferd må ikke få oss til å skru av sjarmen.  

Journalist Jens Kihl spurde for eit par år sidan i ein artikkel i Bergens Tidende med overskrifta Er det berre eg som er prippen? om det trengs eit metoo-oppgjer for homofile. Han avsluttar kommentaren med at svaret på spørsmålet er nei. Men eg krev å få setje grensene mine sjølv. 

Med utgangspunkt i eigne bøker, vil Nils-Øivind Haagensen og Fanny Duckert i samtale med Jens Kihl freiste synleggjere og diskutere nokre vurderingar vi står overfor i møte med desse tema, og korleis grensene i private og profesjonelle relasjonar vert prega av individuelle og sosiale forhold. 

Tekstallianse er eit regionalt nettverk for litteraturfeltet på Vestlandet som det siste året har engasjert seg i arbeidet knytt til #metoo i bokbransjen. Ein samla bransje gjennomførte i vinter ei kartlegging i feltet, og det vert arbeidd med å etablere felles rutinar og ei varslingsteneste for seksuell trakassering. Tekstallianse tok initiativ til oppropet #ikkjeetterboka. 

Pris

Gratis

Dato og tid

08.10 kl. 14.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

NILS-ØIVIND HAAGENSEN
FANNY DUCKERT
JENS KIHL