ULF KARL OLOV NILSSON (UKON)

Ulf Karl Olov Nilsson, (fødd 1965) er ein svensk forfattar, diktar, psykolog, psykoterapeut og psykoanalytikar. Han bur i Gøteborg i Sverige.

UKON, som han ofte vert kalla, har ved fleire høve vore gjest på norske litteraturfestivalar, mellom anna på Audiatur - Festival for ny poesi i Bergen. Han var gjest på LItteratursymposiet i Odda i 2013.

Han slo gjennom med diktsamlinga Stammar (2002) og vart nominert till Augustpriset for Synopsis (2007). Hans siste bok var ein historisk roman om Henrik VIII, Jag befinner mig i ett överflöd av kärlek (2014).

Han er ein av 34 diktarar som er med i den kritikarroste antologien Verden finnes ikke på kartet (2010), redigert av Pedro-Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness. Nilsson er med i redaksjonen til dei svenske tidsskrifta Glänta, OEI og Arche (tidl. Psykoanalytisk Tid/Skrift).

Tidligere program

ULF KARL OLOV NILSSON (UKON)

Katalog 2018

 

Katalog 2018