PER ANDERS TODAL

Per Anders Todal er journalist og forfattar, fødd i 1968. Han er oppvaksen på Nordmøre, og har bakgrunn frå Universitetet i Bergen og University of Berkeley.
 
Todal er kjend for sitt lange journalistiske virke i den nynorske vekeavisa Dag og Tid. Han har vore redaktør for dei to aforismesamlingane Slag under beltestaden må ein berre bøye seg for og Når alt kjem til alt, blir ingenting borte. Todal har også skrive fleire sakprosabøker: Fanden på flat mark: Historier om Kviterussland, som kom i 2009, og i haust er han aktuell med boka Havlandet: historia om hava som skapte Norge.
 

Program 2018

PER ANDERS TODAL
Foto: Åse Brandvold

Katalog 2018

 

Katalog 2018