LESLIE KAPLAN


Leslie Kaplan (fødd 1943) er ein fransk skribent og forfattar. 

Ho har studert filosofi, psykologi og historie og deltok i 68-opprøret i Paris.
 
Sidan 1982 har ho publisert poesi, romanar, essays og drama. Hennar første bok vart rost av Marguerite Duras 
Kaplan sine tekstar har blitt omarbeidd for teater og bøkene hennar er omsett til ei rekkje språk.
 
Leslie Kaplan er ein av dei viktigaste representantane for det ein har kalla "poésie sèche", ein tørr og ordknapp poesi om den konkrete verkelegheita. Kaplans uttrykksform består av både skarpe presiseringar og usentimental inderlegheit.
To av hennar diktsamlingar er omsett til norsk: «Himlenes bok» (2017), og «Overskuddet – fabrikken» (1998).

Program 2017

LESLIE KAPLAN
Foto: Phillipe Matsa

Katalog 2017

 

Katalog 2017