KAJA SCHJERVEN MOLLERIN

Kaja Schjerven Mollerin (fødd 1980) er litteraturvitar, med doktorgrad i allmenn litteraturvitenskap fra Universitetet i Oslo. Ho er kritikar og essayist i Klassekampen, tidlegare redaktør av Vinduet og redaksjonsmedlem i tidsskriftet Agora.  

Mollerin gav i 2011 ut ein monografi om Hans Herbjørnsruds forfattarskap: “Seks fot under”. I oktober 2012 kom essaysamlinga “Sammen, hver dag. Om fellesskap i litteraturen”.

Ho har analysert Handkedebatten i bokform saman med Henning Hagerud, og gav i 2016 ut “I denne verden, om estetikk og etikk i Susan Sontags verk”, basert på doktorgradsavhandlinga si. Hausten 2018 kom “Vigdis, del for del. Portrett av kunstneren som moden kvinne”, ei samtalebok med Vigdis Hjorth. Foreløpig siste bok er “Historien om Mor Godhjerta”, boka om Jan Erik Volds ikoniske diktsamling “Mor Godhjertas glade versjon. Ja”

Kaja Schjerven Mollerin vart kåra til Årets litteraturkritiker 2012, og fekk Anders Jahres junior-kulturpris same år.
 
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
Foto: Julie Pike