ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

INGER BRÅTVEIT

Inger Bråtveit (f. 1978) er ein norsk forfattar, oppvaksen i Suldal. Ho studerte litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap i Bergen, og skreiv mastergradsoppgåve om Is-slottet. 
 

Bråtveit fekk mykje merksemd med debutromanen sin, Munn mot ein frosen fjord (2001), som ho fekk Nynorsk Litteraturpris frå Noregs Mållag for. Ho festa posisjonen sin som ein av våre viktige, samtidige forfattarar med andreboka si, romanen Siss og Unn (2008). Hovudpersonane i boka er henta frå Tarjei Vesaas Is-slottet. For denne vart ho nominert til Kritikerprisen.

Inger fekk Bjørnsonstipendet i 2009.

Love Project (2009) var eit samarbeid med den svenske poeten Cecilia Hansson, og er Bråtveits debut som poet. Ho har óg samarbeidd med kunstnarar som Jenny Hval. Mummy Big er tittelen på eitt av dei musikalske tekstarbeida som kom frå samarbeidet. Bråtveit debuterte som barnebokforfattar i 2012, med biletboka Kven er snillast av mor og far?.

Ved sida av å skrive eigne bøker, jobbar Bråtveit som skrivelærar ved Forfattarlinja ved Danvik folkehøgskole. Ho arbeidde for Det Norske Bibelselskap sitt revisjonsprosjekt "Bibel 2011», og var jurymedlem når Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i vår kåra dei 10 beste norske forfattarane under 35 år.

No er ho aktuell med ny roman: Alice A4. Romanen syner gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft om kjønn, klasse, makt og raseri.
 

 
Braatveit-Inger%20Pernille%20Marie%20Walvik