HOTEL SUNDAL

Ein gong tok Hotel Sundal imot turistar frå den store verda som ville krysse Folgefonna frå Sundal til Odda. No er Hotel Sundal klar for Smelteverket og opninga av Litteratursymposiet 2016.

I Odda sjekkar Frode Grytten inn på Hotel Sundal. Med seg har dei ein rykande fersk singel.

Hotel Sundal speler distrikts-melankolsk fjordblues med lyriske røter i mellom anna Olav H. Hauge. Med norske, underfundige tekstar fangar Hotel Sundal stemninga i alt frå fråflytta industribygder og forlatte fergeleier, til våryr kjærleik mellom høge fjell.

Hotel Sundal har hausta gode kritikkar for konsertar og EP, "Hus med kvit grus". Duoen består av Christian Bjølseth og Torgeir Kismul Matre. Hotellgjester: Mariia Philainen(cello) og Alexander Lund (kontrabass).

Tidligere program

HOTEL SUNDAL

Katalog 2018

 

Katalog 2018