HELLE HELLE

Helle Helle (fødd 1965) er ein av dei fremste danske forfattarane.  

Ho debuterte i 1993 med kortprosasamlinga Eksempel på liv, og har sidan skrive novellesamlingane Rester og Biler og dyr og romanane Hus og hjem, Forestillingen om et ukomplisert liv med en mann, Rødby-Puttgarden, Ned til hundene, Dette burde skrives i nåtid og Hvis du vil (2015),

Helle Helle har mottatt ei rekkje prisar for sitt forfattarskap, m.a. Kritikerprisen i Danmark for Rødby-Puttgarden i 2005, Per Olov Enquists Pris 2009 og Det danske akademis store pris 2016. Ho har blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger: i 2009 for Ned til hundene og i 2015 for Hvis du vil (orig. Hvis det er). For romanen Dette burde skrives i nåtid fekk ho "De Gyldne Laurbær", bokhandlarane sin litteraturpris, ein av dei største og viktigaste litteraturprisane i Danmark.

Formmessig nytter Helle Helle gjennomgåande eit enkelt språkleg register. Forfattaren observerer og registrerer, men fortolkar ikkje det som skjer. Hennar markante, kjølige formspråk vert omtala som minimalistisk, og vert ofte samanlikna med Kjell Askildsen sitt språk.
 
HELLE HELLE
Foto: Sofie Amalie Klougart

Katalog 2018

 

Katalog 2018