CARINA ELISABETH BEDDARI

Carina Elisabeth Beddari (1987) er ein norsk litteraturkritikar og skribent.
 
Beddari er utdanna litteraturvitar med mastergrad frå Universitetet i Bergen. Ho har i fleire år hatt virke som litteraturkritikar og skribent, hovudsakleg i Morgenbladet, kor ho skriv fast.
 
I 2018 vart ho tildelt prisen som årets litteraturkritikar av Norsk kritikerlag, kor særskilt hennar evne til å setje litterære verk i samanheng med større samtalar vart framheva av juryen. Ho har også blitt tildelt Fritt Ords kritikarstipend.
 
I tillegg til virket som skribent, er Beddari fast paneldeltakar i Kritisk kvartett på Litteraturhuset i Bergen.
 

Program 2018

CARINA ELISABETH BEDDARI

Katalog 2017

 

Katalog 2017