BJØRN F RØRVIK

Bjørn Fredrik Rørvik (fødd i 1964) er ein norsk barnebokforfattar. Han har arbeidd mykje med film og video, for bedriftar og for born, og han har vore kinomaskinist og radioteknikar. Rørvik har utdanning frå medialinja i Volda, film- og fjernsynsfordypning.

Rørvik debuterte som forfattar i 1996 med Reddikhaien, ei humoristisk biletbok om den lure reven og den forsiktige grisen, to kompisar som går igjen i fleire av bøkene hans.

Mange av Rørviks barnebøker handlar om Reven og Grisungen, to små vener som bur i skogen. Reven er ein oppfinnsam fyr, full av verkelyst og lure planar, mens Grisungen er ein meir forsiktig kar. De to venene gjer så godt dei kan, men overmot og uheldige omstendigheter kan til tider setje dei på harde prøvar. Fortellingane om reven og grisungen er illustrert av teiknaren Per Dybvig. Dei fekk kulturdepartementets bildebokpris i 2010 for bøkene om reven og grisungen.

I 2010 fekk Rørvik same pris for Bukkene Bruse på badeland, som er illustrert av Gry Moursund.

Tidligere program

BJØRN F RØRVIK
Foto: June Witzøe

Katalog 2018

 

Katalog 2018