AMALIE KASIN LERSTANG

Amalie Kasin Lerstang (fødd 1988) er ein norsk forfattar frå Notodden. Lerstang har bakgrunn frå litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og tekstforfattarlinja ved Westerdals, og debuterte med romanen «Europa» i 2014. For debuten vart ho tildelt Tarjei Vesaas-prisen, og markerte seg som ein av dei mest lovande unge forfattarane i landet. I 2018 ga ho ut diktsamlinga «Vårs», som krinsar om fabrikk og industrisamfunn på Notodden. Boka vakte mykje begeistring hos lesarar og anmeldarar. Lerstang har nyleg vore redaktør for antologien «En eller to eller hundrevis av søstre», som inneheld dikt om kvinnekamp og kvinner. Dette er første gong Lerstang vitjar Litteratursymposiet.
 
AMALIE KASIN LERSTANG

Katalog 2018

 

Katalog 2018