monica isakstuen%2c paal audestad
    ÅRETS DELTAKARAR



    Nye gjester:
     
    Lena Andersson er ein av Sveriges mest kjende samtidsforfattarar, og har også gjort stor suksess i Norge med bøkene om den kjærleikssøkande poeten Ester Nilsson. I oktober kjem ho til Odda for fyrste gong. Gunnar Staalesen, forfattar og Bergenskronikør deltek for fyrste gong på symposiet. Bøkene om Varg Veum er gjeve ut i 18 land.
     
    Cathrine Strøm er litteraturformidlar, kritikar og forleggar i Transfer, som skal ha mykje av æra for å bringe Marguerite Duras til norske lesarar dei siste åra. Forfattar Monica Isakstuen debuterte i 2008 og mottok Brageprisen for romanen Vær snill med dyrene i 2016. Ho kjem til Odda for samtalar om forfattarskapen. Kunstnar Morten Traavik har vore mykje omdiskutert for sine prosjekt i Nord-Korea og konfliktområder, kor han stadig utfordrar grensa for kva kunstverk kan vere.
     
    Morten Strøksnes er journalist og forfattar, og er særskild kjend for Havboka, som han vann Bragepris for i 2016. Forfattar og journalist Bjørn Olav Jahr kjem også til Odda for å snakke om bøkene som undersøker Baneheia-saken og Birgitte Tengs-saken. Kritisk Kvartett beståande av årets litteraturkritikar Carina Beddari, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen, tek turen frå Litteraturhuset i Bergen.
     
    Av gamle vener gler vi oss til å ha Vigdis Hjorth tilbake i Odda. Forfattar Geir Gulliksen kjem også. Svenske UKON, diktar og psykoanalytikar, tek igjen turen frå Gøteborg. Bergensinstitusjonen Poesidigg, med Henning Bergsvåg i spissen, losar oss gjennom møter med festivalens poetar. Espen Stueland kjem for å snakke om mellom anna klimalitteratur. Forfattar Tomas Espedal tek turen. Kritikar Margunn Vikingstad har nyleg omsett Madame Bovary. Pedro Carmona-Alvarez er sjølvskriven gjest, og Brit Aksnes tek med seg Microbandet til Odda.
     
    Sjølvsagt tek også Oddaforfattarane turen heim. Marit Eikemo har nyleg utgjeve romanen Gratis og uforpliktande verdivurdering. Frode Grytten er sjølvskriven deltakar, og Oddapoet Fredrik Hagen har fersk diktsamling, Alt er barndom. Merete Jonvik har doktorgrad i sosiologi og kjem heim til festival. Terje Kollbotn og Lars Ove Seljestad losar oss som alltid gjennom Smelteverket si historie.
     
    Skulane i Odda vil som alltid få forfattarbesøk, teaterframsyningar og skrivekurs. I år kjem mellom andre Adele Lærum Duus, Bjørn Sortland og Monica Isakstuen.
     
    Les meir om deltakarane i menyen til venstre. 

     
     
     
     
     

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017