LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

DEN TID, DEN SONG

Siri Økland møter Hilde Kvalvaag til samtale.
I si nye diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vidundera i kvardagen, men ho lèt òg dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit nært blikk på slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer, og ei sorg der det òg finst lys. Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Med same pulsen skriv ho både om døden og framtida, om det mystiske og uavklara – og det å høyre til.

I si førre bok, Det står til liv, skildrar Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom, og den som er open for livet – og ikkje minst den som er begge delar. Tekstane er både nådelause, stillferdige og vakre, og inviterer lesaren til å tenkje over sitt eige liv. Ved at dei så ope snakkar om døden, trer glede, sorg og styrke tydeleg fram.

Venue

100,-

Dato og tid

torsdag 10. oktober kl. 16:00

Medverkande

DEN TID, DEN SONG