FLOMMEN.

Klimaendringar, poesi og politikk. Espen Stueland i samtale med Margunn Vikingstad.
Klimaendringar, poesi og politikk. Espen Stueland i samtale med Margunn Vikingstad.

Hausten 2014 kom den store flommen til Vestlandet. Espen Stueland var på veg heim frå fotballtrening på Voss med si yngste dotter då vannmassane slukte sykkelen hennar. Tre dagar seinare estimerte meteorologane at vi sto midt i ein 700-årsflom. Dagsrevyen meldte at nedbørsmengda svarte til ein palle med mjølkekartongar opp til brysthøgde, på kvar kvadratmeter i fylket. Kva språk nyttar vi for å snakka om kloden sin tilstand?

Kva forhold får born til naturen dersom vi tidleg lærer dei at polstring er naudsynt for å klatra i tre? 

Kva vil det seie at temperaturen på kloden aukar med 2 grader, eller så mykje som 4?
Kva om vi tenkjer oss same auke i menneskekroppen?

Kvifor er det «ut» å snakke om natur i svensk poesi, kva er den nye bølgja av økokritikk i dansk poesi, og kva er eit norsk toksisk dikt? Kva menier Erna Solberg når ho seier: «Jeg er klimaoptimist»? 

Espen Stueland stiller i boka 700-årsflommen akutte spørsmål og fører ein opprømt diskusjon om klimaendringar, vårt forhold til naturen slik det kan lesast av i poesien og i det politiske språk.

Dato og tid

torsdag 08. oktober kl. 14:00

Medverkande

FLOMMEN.

Katalog 2018

 

Katalog 2018