Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

Møte med Steinar Opstad og Marie Lundquist.

Programvert: Henning H. Bergsvåg
Med debutsamlinga, Tavler og bud (1996), fekk Steinar Opstad Tarjei Vesaas debutantpris og blir i dag rekna som ein av norges fremste lyrikarar. Han har fått ei rekke prisar for forfattarskapen sin, og i fjor blei eit utval av dikta hans omsett til svensk av forfattaren og omsettaren Marie Lundquist: Den lyckligaste av alla ensamheter.

Både Steinar Opstad og Marie Lundquist kjem til Litteratursymposiet i Odda med kvar sine ferske bøker. Opstad vil lese frå si siste diktasamling, Å høye dag, og Marie Lundquist vil lese frå sin siste roman Så länge jag kan minnas har jag varit ensam (2013), som har hausta svært gode kritikkar i Sverige.

Poeten Henning H. Bergsvåg vil introdusere og samtale med forfattarane i dette unike møte mellom  to av nordens finaste forfattarar, om dei siste bøkene deira, om samarbeidet mellom dei, om poesi, romanskriving og omsettingsarbeid.  

Torsdag kl.14.00 

Venue

50,-

Dato og tid

torsdag 10. oktober kl. 14:00

Medverkande

Møte med Steinar Opstad og Marie Lundquist.