Bokprat med Pedro Carmona – Alvarez

Pedro Carmona-Alvarez er ein kjær venn av Litteratursymposiet i Odda. Publikum har gjennom fleire år fått høve til å bli kjent med hans allsige virke, som forfattar, musikar, omsettar og redaktør. Hans nye roman����Og været skiftet og det ble sommer og så videre, som er første bind ein varsla trilogi, har fått strålande omtale. Romanen handlar om ein mann fra New Jersey og ei kvinne frå Oslo. Dei møtes i New York på slutten av femtitallet, blir forelska, giftar seg og flyttar til Asbury Park. Dei får to jenter som nokre år seinare dør i ei ulykke. Livet går i svart. I 1967 flytter dei til Norge, og året etter får dei dotteren Marita. Dette er ein liten roman om dei store tinga – om kjærleik, tap, sakn og rotlause, om å leve i ei tragedie og vekse opp i dødens skuggar.

Møt Pedro Carmona-Alvarez i samtale med Kaja Schjerven Mollerin

Dato og tid

laurdag 13. oktober kl. 13:00

Medverkande

Bokprat med Pedro Carmona – Alvarez

Katalog 2018

 

Katalog 2018