Bokprat med Brit Bildøen

v/ Kaja Schjerven Mollerin
Brit Bildøen er ein svært allsidig forfattar som blir rekna som ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlingaBilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. I den siste romanen hennar, Adam Hiorts veg, møter vi  den kjende miljøvernaren Jon Utskott, som legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest, og tek svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth.

Som vår tids Don Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste for det gode, men hamnar fort i eit blodig torgslag. På ferda gjennom Noregs indre ventar mange eventyr: Dei badar i ein forheksa sjø, drikk med Døden og hans muntre følgje, og allslags folk kjem til dei med sine historier. Den unge Hiorth har mykje å lære av sin eldre turkamerat, ikkje minst på damefronten. Jon Utskott på si side har begynt å vakle: Han grunnar på kva det er han har fått utretta gjennom sin livslange kamp for miljøet. Vegen er ikkje så bein som han ein gong var. Spørsmåla har ingen enkle svar, og det mørknar i horisonten. Kor mange motbakkar og kor mykje juling vil dei to klare å takle før ferda endar?

Møt Brit Bildøen i samtale med Kaja Schjerven Mollerin.

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 12:00

Medverkande

Bokprat med Brit Bildøen

Katalog 2018

 

Katalog 2018