LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Møt Terje Sander

I samtale med Erlend O. Nødtvedt.
Vi har gleda av å presentere ei ny Oddastemme: Terje Sander arbeider som lærar i Odda og debuterer i haust på Samlaget med Daudmannaland.

Under ein svart himmel med eit endelaust giftig regn, ligg det ein by styrt av ein eldgammal Orden. Her er noko i ferd med å skje som skal endre verda for alltid. Byfolket kvesser knivar i holene sine, vondt blod kokar i Ordenen, og framande kjem vandrande frå austlanda. Og i skjula sine vonar Skuggesjåarane at dei gamle spådommane snart skal bli sanna - spådommar om det store Mørket.

Terje Sanders ambisiøse science fiction-verk er ein kollasj av kolliderande skjebnar. På tre døgn ser vi nitten livsløp renne saman - frå den grublande borgherren som vakar einsam over riket sitt til den unge truande som leiter etter lagnaden. Unge og gamle, kvinner og menn, herskarar og trellar, alle blir dei delar av ei historie som er større enn dei sjølve, ei historie om urett, hemn, opprør, død, undergang - og kjærleik.

Poet og symposieven Erlend O. Nødtvedt og Sander er gamle vener frå Bergen. I god kompis-ånd har vi bede Nødtvedt presentere Odda nye litterære stemme for publikum, i eit mini-bokbad med opplesing frå Daudmannaland. 

TORSDAG KL. 11.00

Pris

50,-

Dato og tid

09.10 kl. 11:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ERLEND O. NØDTVEDT