JENS WERGELAND

Jens Christian Smith Wergeland (fødd 1986) er ein norsk sceneinstruktør. 
 
Han er heilt og fullt i slekt med sin namnebror. Noko han òg er svært stolt av.
 
Wergeland er utdanna frå Drama Centre ved University of the Arts, London, og har etter utdanninga  jobba som freelance-regissør ved Dramatikkens Hus og i eigne produksjonar. Han har elles verka som teaterlærar og pedagog.
I 2017 vann han ein Hedda-pris, som skodespelar, saman med resten av ensemblet i Teater Joker for barneforestillinga «Brune» av Håkon Øvreås. 
 
Wergeland er som Wergeland opptatt av rettferd og likedeling i samfunnet og brenn både for det teateret som klarar å kome frem til noko nytt, og det som evner å setje det ut i rørsle. Han er regissør for første del av Hadle Reisæter si Kapital-forestilling, eit delprosjekt i ei større utforsking av ein tydeleg og synleg politisk ambivalens.
 

Program 2017

JENS WERGELAND

Katalog 2017

 

Katalog 2017