LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

#IKKJEETTERBOKA
AVHENGIG
BADENOVELLER
BEGJÆR I SOLNEDGANG
BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR
BIKUBEGANG
BOWIE-BEGJÆR
DET GRÅDIGE HJERTE
DET GRÅDIGE HJERTE
DRAUMEN OM DET FEILFRIE SPRÅKET
EIT ATTRÅVERDIG FORFATTARSKAP
EKKO OG NARKISSOS
EKKO, OVID OG ALGORITMANE
EKKO: EIT FOREDRAG OM ALGORITMAR OG BEGJÆR
ELEVKONSERT
ENDELEG
FILOSOFISK FRUKOST
FLØRT
FORNUFT OG FØLELSAR
FOTBALLDEBATTEN: SK BRANN
FOTBALLKAMP
FRÅ LEMMET TIL JERNPLOGEN
GAMLE MENN I SYNINGOM
HALLO ODDA
HENNES HIVENDE, FNYSENDE FISK
KAMPEN OM SEKSUALMORALEN
KLASSIKARSAMTALEN: MARKI DE SADE
KONSERT - TRADDIES
KONSERT: ZEBRA DUO
KRIMINELT BEGJÆR
LENGSEL ETTER TILHØRIGHET
LESESTUND
LINE - EIT NORSK MORALSKRED
LITTERÆR KRAFTSTASJON
LITTERÆR LUNSJ: GUNNHILD ØYEHAUG
LITTERÆR LUNSJ: MARSTEINS POETIKK
LYDEN AV BEGJÆR
LYSTHUSET: BLEI DU KÅT NO
LYSTHUSET: FREDRIK HØYER (avlyst)
LYSTHUSET: SKEIV AFTEN
LYSTHUSET: SYMPOSION
MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET
MINI-KONSERT: STIAN CARSTENSEN
MONO (avlyst)
MØT FREDRIK HAGEN
NATTERAPI
ODDA UNDERGRUNN
OM KRIM
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR
SENTRALBADET POESI
SENTRALBAR
SEX I BIBELEN
SEX OG KJÆRLEIK HOS MICHEL HOUELLEBECQ
SJAKK MATT
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER
SLEPPFEST - TEAM TUVA
SLEPPFEST: LIVSLYST
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SMÅSYMP NABOEN MIN
SYMPOSIEUTSTILLINGA: Lars Korff Lofthus
U-BAR
VALD

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

KAMPEN OM SEKSUALMORALEN

Når vi ser tilbake til attenhundretalets oppheta debattar om seksualmoral, er det lett å tenke at det den gongen var vanleg å ha temmeleg forkvakla og ufunderte oppfatningar. Men har det eigentlieg blitt betre?

Nokre meinte sex var synd, at det var kvinna si rolle å vere dydsideal, medan andre meinte at seksuelt avhald førte til bleiksott og at alle måtte ha samleie to gonger i veka for å halde seg sunne. Bjørnson meinte at folkeslag som heldt seg til monogamiet var sterkare og meir vitale enn dei som praktiserte det han kalte «mangegifte». Dessutan meinte dei fleste at onani var «sjølvsmitting» og at homofili var ein mental sjukdom eller perversjon. Nokre meinte at alle burde vere seksuelt avhaldande før ekteskapet, andre støtta den frie kjærleiken, medan svært mange støtta den gamle borgarlege dobbeltmoralen, som sa at ein måtte sjå gjennom fingrane med prostitusjon, mellom anna. Kva så med vår eiga tid? Er det riktig å si at fridomen har sigra på det seksuelle området, eller lir vi framleis under ein undertrykkande seksualmoral? Kan vi, når det kjem til stykket, begrunne våre standpunkt om korleis sex og samliv bør organiserast, eller vil vår eiga tid ta seg like underleg ut for historikarar i framtida som attenhundretalets debattar gjer det på oss?

Litteraturforskar og kritikar Frode Helmich Pedersen er aktuell med essayboka «Å være mot sin tid». Han held foredrag om historie og seksualmoral.

Pris

100

Dato og tid

09.10 kl. 15.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

FRODE HELMICH PEDERSEN

Katalog 2021

Program2021

Podcast