LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

#IKKJEETTERBOKA
AVHENGIG
BADENOVELLER
BEGJÆR I SOLNEDGANG
BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR
BIKUBEGANG
BOWIE-BEGJÆR
DET GRÅDIGE HJERTE
DET GRÅDIGE HJERTE
DRAUMEN OM DET FEILFRIE SPRÅKET
EIT ATTRÅVERDIG FORFATTARSKAP
EKKO, OVID OG ALGORITMANE
EKKO: EIT FOREDRAG OM ALGORITMAR OG BEGJÆR
ELEVKONSERT
ENDELEG
FILOSOFISK FRUKOST
FLØRT
FORNUFT OG FØLELSAR
FOTBALLDEBATTEN: SK BRANN
FOTBALLKAMP
FRÅ LEMMET TIL JERNPLOGEN
Gamle menn i syningom
HALLO ODDA
HENNES HIVENDE, FNYSENDE FISK
KAMPEN OM SEKSUALMORALEN
KLASSIKARSAMTALEN: MARKI DE SADE
KONSERT: STIAN CARSTENSEN
KONSERT: ZEBRA DUO
KRIMINELT BEGJÆR
LENGSEL ETTER TILHØRIGHET
LESESTUND
LINE - EIT NORSK MORALSKRED
LITTERÆR KRAFTSTASJON
LITTERÆR LUNSJ: GUNNHILD ØYEHAUG
LITTERÆR LUNSJ: MARSTEINS POETIKK
LYDEN AV BEGJÆR
LYSTHUSET: BLEI DU KÅT NO
LYSTHUSET: FREDRIK HØYER
LYSTHUSET: SKEIV AFTEN
LYSTHUSET: SYMPOSION
MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET
MONO
MØT FREDRIK HAGEN
NATTERAPI
ODDA UNDERGRUNN
OM KRIM
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR
SENTRALBADET POESI
SENTRALBAR
SEX I BIBELEN
SEX OG KJÆRLEIK HOS MICHEL HOUELLEBECQ
SJAKK MATT
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER
SLEPPFEST - TEAM TUVA
SLEPPFEST: LIVSLYST
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SMÅSYMP NABOEN MIN
SYMPOSIEUTSTILLINGA: Lars Korff Lofthus
U-BAR
VALD

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

PROGRAM 2021

Billettar til arrangementa finn du på littsymp.ticketco.events
Lag ein profil på Ticketco, så kan du kjøpe fleire billettar, og finn dei lett igjen. Fysisk billettsal starter mandag 6. september på Innbyggjarservice på Ullensvang rådhus. 


Vi følger dei til ein kvar tid gjeldande smittevernreglane. Namn og nummer på dei som skal bruka billettane skal registrerast. 

Onsdag 6. oktober

12.00
DET GRÅDIGE HJERTE

Skodespelar Lars Vik om si mor: feminist og forfattar Bjørg Vik sitt liv og forfattarskap.

ODDA BIBLIOTEK
100,-
13.00
SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR

6.april 2011 vart stiftelsespapira til Sentralbadet litteraturhus signert av grunnleggjarane Marit Eikemo og Frode Grytten. Draumen om å utvikle eit litteraturhus i Odda fekk vinger.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis
13.00
ELEVKONSERT

Elevar frå Odda ungdomsskole framfører musikkinnslag og les opp eigne tekstar.

TELTET
Gratis
15.00
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA

Årets symposiekunstnar er Lars Korff Lofthus.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis
15.30
ENDELEG

Elevar frå Odda ungdomsskole har gledd seg i lang tid til å få halde konsert for publikum igjen! Her blir det rockelåtar, popsongar, opplesing av elevtekstar og glad BLIME-dans i lag med ungar frå barnehage og barneskule. Kanskje kjem det ei overrasking og! Lindehuset om dårlig vær.

PORTEN
Gratis
17.00
SLEPPFEST - TEAM TUVA

Sleppfest for Marit Eikemo si nye bok Team Tuva!

IRIS SCENE
150,-
19:00
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Opningsforestillinga i Lindehuset er ei feiring av at vi har Litteratursymposium i Odda.

LINDEHUSET
300,-
20.00
SENTRALBAR

Heilhusfest.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis

Torsdag 7. oktober

11.00
LITTERÆR LUNSJ: GUNNHILD ØYEHAUG

Gunnhild Øyehaug om Mary Ruefle.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis
13.00
VALD

Velkomen til ein samtale om dei meir destruktive delane av attrå. Eivind Riise Hauge, Per Knutsen møter Henning H. Bergsvåg.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
150,-
14.00
SEX OG KJÆRLEIK HOS MICHEL HOUELLEBECQ

Professor og litteraturforskar Per Buvik held foredrag om Houellebecq.

ODDA BIBLIOTEK
100,-
15.00
KONSERT: STIAN CARSTENSEN

Stian Carstensen er multi-instrumentalist og spelar mellom anna trekkspel, gitar, banjo, pedal, steel gitar, bulgarsk fløyte og sekkepipe. Repertoaret spenner frå folkemusikk til klassisk, ispedd improvisasjon i ulike former. Eit fyrverkeri, med andre ord!

IRIS SCENE
150,-
15.30
SLEPPFEST: LIVSLYST

Lansering av Anne Oterholm sin tiande roman Livslyst!

SENTRALBADET LITTERATURHUS
150,-
16.00
DET GRÅDIGE HJERTE

Skodespelar Lars Vik om si mor: feminist og forfattar Bjørg Vik sitt liv og forfattarskap.

JONDAL BIBLIOTEK
100,-
16.30
OM KRIM

Kva fortel denne store appellen oss om kriminallitteraturen sin posisjon i Noreg i dag? Forfatter og litteraturformidler Eivind Riise Hauge leiar samtalen med tre av våre fremste krimforfattarar.

LINDEHUSET
200
17.00
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER

Opplesing med studentar og lærarar.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis
17.30
Gamle menn i syningom

Møt Arnfinn Kolerud.

JONDAL BIBLIOTEK
Gratis
18.00
U-BAR

I skuleprosjektet “Skrifta på veggen” skriv elevane korte tekstar om nokre av tema på symposiet opp gjennom åra. På dette arrangementet framfører elevar ved Odda ungdomsskule eigne tekstar, med og utan backing frå sitt eige husband frå valfaget Sal og scene.

ODDA UNGDOMSSKOLE
Gratis
18.00
MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET

Sissel Gran om det motsetningsfylte i oss.

ODDA KINO
300,-
19.30
LYSTHUSET: BLEI DU KÅT NO

I Lysthuset les forfattarar eigne erotiske tekstar.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
100,-
21.00
HENNES HIVENDE, FNYSENDE FISK

Sexskildringar i litteraturen, på godt og vondt.

LINDEHUSET
250,-
22.30
NATTERAPI

Ta den ultimate turen ut i Odda Sin City, inn i mørkets hjarte, slepp deg tungt ned i hedonismen, oppdag erogene soner du ikkje ante at du hadde og kjenn på den dyriske attråen som lurer like under overflata på alle litteraturfestivalar.

ODDA SIN CITY
250,-

Fredag 8. oktober

11.00
LITTERÆR LUNSJ: MARSTEINS POETIKK

Trude Marstein har gjennom åra blitt ein av landets mest respekterte forfattarar, kjent for romanar som Hjem til meg og Så mye hadde jeg. Fleire av hennar bøker følger ein hovudperson over fleire tiår, og krinsar om kjærleik og familieliv i den moderne tidsalder, om konflikten mellom plikt og impuls.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis
11.30
KRIMINELT BEGJÆR

Nordmenn slukar krim som aldri før. Kva er det med denne sjangeren som fascinerer oss så enormt? Har krimmen eit ufortjent dårleg rykte som «folkeleg»? Er det i det heile tatt noko galt med å skrive folkeleg, og er det nødvendigvis meir lettvint å skrive ei god krimbok enn andre bøker? Og kva er det med Bergen som fostrar så mange krimforfattarar?

KINSARVIK BIBLIOTEK
100,-
12.00
EIT ATTRÅVERDIG FORFATTARSKAP

I samarbeid med Tekstallianse.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis
13.00
BEGJÆR I SOLNEDGANG

Kjærleik kjenner ingen aldersgrenser heiter det. Men kva med sex og begjær?

ODDA KINO
200,-
14.00
#IKKJEETTERBOKA

Tekstallianse inviteret til ein samtale som skal utforske formelle og subjektivt opplevde grenser mellom overgrep, seksuell trakassering, vulgaritet og flørt, og reaksjonar på dette.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
Gratis
14.00
BIKUBEGANG

Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda.

MURBOLIGEN
150,-
15.00
KLASSIKARSAMTALEN: MARKI DE SADE

Få har skrive like eksplisitt erotisk som Marki de Sade (1740-1814). Professor emeritus Per Buvik har vore oppteken av de Sade i ei årrekke. Han møter førsteamanuensis og kritikar Frode Helmich Pedersen til samtale.

ODDA BIBLIOTEK
150
15.00
FORNUFT OG FØLELSAR

Hjernedisseksjon

LINDEHUSET
GRATIS
15.00
SJAKK MATT

Forfattar Eivind Riise Hauge har skrive læreboka Sjakk – Spillenes konge, ei innføring i sjakkspelet. Han har óg brukt spelet til å skapa skjønnlitterære skikkelsar i novellsamlinga Sjakkspillere. Kva er sjakk? Er det vitenskap? Er det sport? Er det kunst?

IRIS SCENE
100,-
16.00
LENGSEL ETTER TILHØRIGHET

Rune Christiansen og Trude Marstein møter Elise Winterthun.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
150,-
17.00
EKKO, OVID OG ALGORITMANE

Ekko var den greske nymfa som snakka så mykje at ho til slutt berre kunne gjenta andre. Ekko var djupt forelska i Narcissus, han som forelska seg i sitt eige spegelbilete og døde av det. Selliaas Thorsen og Lindgren møtes til ein samtale om nymfa Ekko og kva krefter ho representerer, sett frå antikken og eit samtidsanalytisk perspektiv. Samtalen vert leia av filosof Øyvind Kvalnes.

ODDA BIBLIOTEK
150
17.30
MONO

Supereksklusiv ein-til-ein lytting med Fredrik Høyer på toppen av trapperommet til Skalltaket!

SKALLTAKET
200,-
18.00
FLØRT

Om flørting og alt det fører med seg av gleder - og sorger.

LINDEHUSET
150,-
19.00
LYSTHUSET: SKEIV AFTEN

Pikekos og bygdebøgar. Kåte karar og frigide fruentimmer. Opp gjennom historia har det vore nok av historier om menn som liker menn, kvinner som liker kvinner - og dei som liker både det eine og det andre. Mange av dei historiene finn stad på bygda.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
150,-
20.00
SENTRALBADET POESI

Rune Christiansen i samtale med Fredrik Hagen.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
150,-
20.00
FOTBALLDEBATTEN: SK BRANN

Sportsklubben Brann er så mykje. Seriøs, profesjonell, dynamisk, langsiktig, grundig, hardtarbeidande, viljestyrt, vital er dessverre ikkje blant dei tinga.

IRIS SCENE
250,-
20.45
FOTBALLKAMP

Kvalifisering til VM i fotball på storskjerm.

IRIS SCENE
21.00
LYDEN AV BEGJÆR

Programvert Pedro Carmona-Alvarez og Bastard sons of Odda er husband når forfattarar og musikarar entrer scena med sin ultimate hyllest til begjæret.

LINDEHUSET
250
22.30
LYSTHUSET: FREDRIK HØYER

Poesikonsert med Fredrik Høyer.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
200,-

Laurdag 9. oktober

11.00
FILOSOFISK FRUKOST

Mjuk og djup start på symposielaurdagen saman med hus-filosof Øyvind Kvalnes.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
200,-
12.00
BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR

Evig din til døden skil oss? Trude Marstein og Sissel Gran møter Kjersti Mjør til samtale om kva som skjer når det trygge kjem på kollisjonskurs med begjæret.

ODDA KINO
200,-
12.00
SMÅSYMP NABOEN MIN

Naboen min lagar musikk som får ungar til å synge, danse, gruble og le. I 2018 vann dei Spellemannspris i kategorien «Barnemusikk». I 2021 er dei ute med ny plate: Alt blir feil!

LINDEHUSET
200
13.00
LESESTUND

Opplesing ved Nils-Øivind Haagensen, Pedro Carmona-Alvarez og Marit Eikemo.

TELTET
Gratis
13.00
FRÅ LEMMET TIL JERNPLOGEN

Om det seksuelle språket.

ODDA KINO
150,-
13.00
EKKO: EIT FOREDRAG OM ALGORITMAR OG BEGJÆR

Kvifor blir folk så rasande når dei får eit tastatur under fingrane? Kvifor ser rosabloggarane ut som kloningar av kvarandre? Kvifor trur fleire og fleire på konspirasjonsteoriar? Og kvifor har Silicon Valleys selskap klart å bli verdas rikaste på eit tiår, når så mykje på nettet er «gratis»?

ODDA BIBLIOTEK
150
14.00
BOWIE-BEGJÆR

David Bowie steig opp frå jordkloden og forsvann inn i stjernetåka ein januardag i 2016. Sidan har den visjonære musikaren, skodespelaren og trendsetjaren vore sterkt sakna av mange.

IRIS SCENE
150,-
14.00
MØT FREDRIK HAGEN

Oddaforfattar Fredrik Hagen har gjeve ut fire diktsamlingar sidan debuten i 2017. I den siste boka Omriss av åpne hender (2021), skriv han om korleis det er å vere menneske i lag med andre, og om å ta vare på seg sjølv og dei ein er glad i, i ei tid som alltid går og eit språk som stadig er i endring. Hagen møter Henning H. Bergsvåg til samtale om forfattarskapen sin.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
150,-
15.00
KAMPEN OM SEKSUALMORALEN

Når vi ser tilbake til attenhundretalets oppheta debattar om seksualmoral, er det lett å tenke at det den gongen var vanleg å ha temmeleg forkvakla og ufunderte oppfatningar. Men har det eigentlieg blitt betre?

SENTRALBADET LITTERATURHUS
100
15.00
SEX I BIBELEN

Attrå og begjær er begrep av bibelske dimensjonar. Med Einar Gelius.

ODDA BIBLIOTEK
100,-
16.00
KONSERT: ZEBRA DUO

Møt Mihai Sorohan og Lady Albatross!

IRIS SCENE
PORTEN
Gratis
16.00
AVHENGIG

Alkohol, narkotika, nikotin, smarttelefonar, gambling, samlemani: Vi har alle vårt, og kjenner alle nokon.

ODDA KINO
200,-
17.00
LYSTHUSET: SYMPOSION

Thea Selliaas Thorsen guidar oss gjennom det meste kjende symposiet gjennom tidene: Platons Symposion.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
100,-
18.00
LINE - EIT NORSK MORALSKRED

Torgrim Eggen om Axel Jensens “Line”.

IRIS SCENE
100,-
19.00
ODDA UNDERGRUNN

Digital forestilling.

GRATIS PÅ VÅRE SCENER
Digitale billettar på TicketcoTV
20:00
HALLO ODDA

LINDEHUSET
300,-

Søndag 10. oktober

12.00
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Fabrikkvandring.

Gratis
14.00
BADENOVELLER

Frode Grytten i samtale med Elise Winterthun.

SENTRALBADET LITTERATURHUS
150,-
15.00
DRAUMEN OM DET FEILFRIE SPRÅKET

Språkvitar og forfattar Kristin Fridtun fortel om lengten etter eit reint, sterkt og feilfritt språk.

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Tidlegare program

Katalog 2021

Program2021

Podcast