Merete Jonvik, fødd i Odda i 1978, er forskar ved IRIS i Stavanger.
Jonvik har doktorgrad i sosiologi frå Universitetet i Stavanger (2015). Avhandlinga hennar Folk om forskjellar mellom folk er ei utforsking av korleis folk frå ulike samfunnslag oppfattar og kommuniserer sosiale og kulturelle forskjellar.
Jonvik er ein av forfattarane bak boka Hva har oljen gjort med oss? Økonomisk vekst og kulturell endring, ein studie av økonomiske, sosiale og kulturelle samfunnsendringar i kjølvatnet av den raske økonomiske veksten i Noreg. Som kjend, ein vekst som har gitt seg markante utslag i Stavanger-regionen. I boka har Jonvik skrive kapittel om generasjonsforteljingar, syn på rikdom og lekfolk sine relasjonar til kunst og heimeinnreiing.
No jobbar ho med eit forskingsprosjekt om kritikk og kvalitet. I prosjektet undersøkjer ho litteratur- og kunstkritikarar sine forståingar og vurderingar av kunstnarisk kvalitet, med spesielt blikk på likskapar og forskjellar internt og mellom kritikargruppene, og på kvalitet sin ambivalente status i ein norsk egalitær og endrande kulturell kontekst.