Khaled Harara (fødd 1987 i Jemen) er ein palestinsk rappar og kjend hip-hop artist som har vore flyktning i Gaza. Han er no busett i Sverige etter å ha voe friby-musikar der i perioden 2013-2015.
Tekstane hans skildrar den politiske situasjonen i Palestina frå eit humanitært og sosialt perspektiv og kritiserer mangelen på ytringsfridom og liinga i Palestina under Hamas’ styre.
I Gaza var Khaled Harara den første til å organisere hip-hop workshops for unge, med fokus på tekstskriving samt ulike vis å utrykke seg på. Workshops vart forbode, nett som gruppa ”Palestinian Unit” og artistorganisasjonen han var medlem av.
Som eit resultat av sitt kunstnariske uttrykk og hans deltaking som soldat i PLO-styrkene før Hamas tok kontroll over Gaza, vert Harara sett på som ein statsfiende. Han har vore fengsla, gått gjennom tøffe forhør og blitt torturert. Mange av hans vener har blitt skada eller drept i kampar mot Hamas.
I frykt for flere represalier vart Khaled Harara verande i Danmark etter å ha delteke på festivalen ”Rapoltics”. Khaled Harara var city of refugee-musikar i Gøteborg frå 2013 til 2015, som den første musikaren ICORN aksepterte som Friby-kunstnar. I løpet av tida i Gøteborg har Khaled Harara delteke i fleire offentlege arrangement, debattar og work-shops.
Han har gitt ut to nye singler med jazzrock bandet Makten & Härligheten i mai 2015.