LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

DEI SJU DØRENE

Agnes Ravatn i samtale om si nye bok.
Nina Wisløff er desillusjonert førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Bergen. Ektemannen Mads er travel helsebyråd. Det trivelege huset deira i Fløenbakken skal rivast på grunn av den nye traséen til Bybanen, og dei treng ein ny plass å bu. Nina og dottera Ingeborg går på synfaring i sekundærboligen, men får eit ublidt møte med leigebuaren, åleinemora Mari Nilsen. Like etter blir Mari meld sakna. 
Etterforskinga pågår ikkje lenge før ho stansar opp, og dermed begynner Nina i det stille å nøste i kva som kan ha skjedd. Oppdagingane ho gjer skal vise seg å få store konsekvensar for henne sjølv og familien.

Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndomar og farleg nysgjerrigheit. 

Agnes Ravatn (f. 1983) hausta gode kritikkar for sin andre roman Fugletribunalet (2013). Boka vann både P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen 2013, og er selt til 13 land. Ravatn sine kritikarroste og prislønte bøker har gjort henne kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

Pris

100,-

Dato og tid

12.10 kl. 13:00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

AGNES RAVATN
AGNES RAVATN