LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
SUMAYA JIRDE ALI
SUMAYA JIRDE ALI
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

LESEHJELP - karakterer

Når karakterane trer ut av bøkene. Anne Oterholm og Tormod Haugland snakkar med lesarane.
På forfattarskular, på festivalar, hos forlag, på litteraturhus arrangerast det skrivekurs. På desse kursa er det alltid nokon som seier: Å skrive, det handlar i grunnen mest om å lese, om å vere ein god lesar. Utan at nokon seier akkurat kva det vil si å vere ein god lesar? Det finst kanskje ikkje ein definisjon på det. Det er lettare å si kva det ikkje er, enn kva det er. Det dreier seg definitivt ikkje om å finne fasitsvara på kva bøkene ein leser handlar om. Det dreier seg heller ikkje om å være ein profesjonell lesar (Ein kritikar? Ein norsklærar?). Kanskje handlar det om å diskutere kva som finst i bøkene og som gjer at vi reagerer på dei? Som absolutt ikkje gjer at vi reagerer likt på dei.
 
Kan ein leite seg fram til svara på kva det er som får skjønnlitteraturen til å fungere for den eine eller den andre? Forfattarar snakkar ofte om sånne spørsmål i poetikkar, i forfattarsamtalar, bokbad osv. Det hindrar ikkje at lesarane kan snakka om det same, kome til sine eigne konklusjonar. Det vert sagt om skjønnlitterære forfattarar at dei ofte ikkje er like smarte som sine eigne bøker. 

Symposiet byr på slike lesesamtalar for dei som bare vil lese! Vi arrangerer tre korte lesekurs for alle som er glade i å lese. Ein kan følgje alle, eitt eller to.

Anne Oterholm, erfaren lesar, forfattar og lærar på skriveskulen i Tromsø, er programvert.
p.s. Vi minner om at det absolutt er ein fordel å ha lese bøkene først. Bestill billett, så får du kopi tilsendt på e-post. Eller kjøp boka.  


Dag 2 …  Forfatter eller karakter?

Når vi har lese ei bok, snakkar vi ofte om det som er i boka, som om det er verkelege menneske som finst i ho. Ein snakkar om karakterane som menneske, ein likar eller mislikar dei, ein finn grunnnar for det eine, for det andre .... Kvifor skjer det? Korleis skjer det?

Brukar forfattarar alltid sitt eige liv når dei skriv romanar? Er romanar eit samansurium av fakta og fiksjon, kor biografisk korrekte opplysingar, til tross for korleis det ser ut, likevel alltid er tilpassa fiksjonen? Bryr vi oss om kva som har skjedd eller ikkje skjedd i virkeligheten? Så lenge det vert opplevd som sant ... så lenge vi på ein eller annan måte kjenner igjen det som skjer i våre eigne liv?  Korleis skal vi lese såkalla personlege romanar?
 
Anne Oterholm og Tormod Haugland i samtale med lesarane

FREDAG KL. 12.00

Venue

100

Dato og tid

fredag 14. oktober kl. 12.00

Medverkande

LESEHJELP - karakterer