LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

BIKUBESALONG

Eksklusive opplesingar heime hos folk.
Vi har dei siste åra arrangert eksklusive opplesingar i Frode Gryttens bikube, Murboligen i Odda sentrum. Tre bebuarar opnar sjenerøst dørene sine for publikum og let oss arrangere opplesingar i stuene deira. 

Agnes Ravatn les frå “Dei sju dørene”. Nina Wisløff er desillusjonert førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Bergen. Ektemannen Mads er travel helsebyråd. Det trivelege huset deira i Fløenbakken skal rivast på grunn av den nye traséen til Bybanen, og dei treng ein ny plass å bu. Nina og dottera Ingeborg går på synfaring i sekundærboligen, men får eit ublidt møte med leigebuaren, åleinemora Mari Nilsen. Like etter blir Mari meld sakna. Etterforskinga pågår ikkje lenge før ho stansar opp, og dermed begynner Nina i det stille å nøste i kva som kan ha skjedd. Oppdagingane ho gjer skal vise seg å få store konsekvensar for henne sjølv og familien.

Ole Robert Sunde les frå “Jeg føler meg uvel. En roman om døden”, som kjem ut i november. Kva skjer når den som har vore lyset i livet i meir enn førti år, brutalt blir riven vekk av ein smertefull og nådelaus kreftsjukdom? Kva sit ein att med? Sorga. Saknet. Minna. Lengselen. Tanken på døden, på sjela sitt moglege etterliv. Ein flokk med tårnseglarar. Bach. Ein Herrens engel. Ein underleg, svevande metafysisk farkost. Ei flytende verd der alt umogleg blir mogleg. 

Frode Grytten les frå “Bikubesong” i huset der alt starta. Romanen skildrar eitt år her i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger. Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

 

Venue

200

Dato og tid

fredag 11. oktober kl. 14:00

Medverkande

BIKUBESALONG