LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

INDUSTRIPIONERANE

Premiere på NVIM sitt nye biletspel Industripionerane.
Premiere på NVIM sitt nye bildespel Industripionerane av Randi Storaas

Med i premirereprogrammet: Adm. dir. Boliden Odda AS Helene Seim, skodespelar Hadle Reisæter, bildespelskapar Randi Storaas og dir. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Knut Markhus.

Historia om industripionerane er ei historie om mot og dyktigheit, om ære og makt. Men det er òg ei historie om menneske. Kven var Albert Petersson eigentleg, og kva var det som dreiv Sam Eyde? Framstega skjedde fort innan teknologi, kjemi og økonomi, både nasjonalt og internasjonalt. Bildespelet handlar om kapital, med vekt på humankapitalen. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum sitt nye bildespel set lyset på gründerane og ingeniørane som leia an i utviklinga.

Randi Storaas har laga Industripionerane. Ho er kulturvitar og filmskapar, og har laga ei rekkje produksjonar for museum og nasjonalparksenter, mellom anna programmet Industrieventyret som har vore vist ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum sidan 1994. Industripionerane er bygd på foto og kjeldemateriale frå ei rekkje arkiv. Saman med fagkonsulent Brita Jordal og andre medarbeidarar ved museet, har ho tråla gjennom samlingar i inn- og utland. Lyddesign er ved Arne B. Rostad. Han har mellom anna laga dokumentarfilmane Giganten om vår folkekjære Erik Bye (2005) og The Musician - Chick Corea (2017).

I bildespelet Industripionerane følgjer me Petersson og Eyde gjennom ulike fasar fram til dei tek avgjerande roller i Tyssedal og Odda. Begge bidreg sterkt til at me her får eit innovativt industrielt kompetansemiljø på Vestlandet. Sam Eyde blir den første generaldirektøren i kraftselskapet AS Tyssefaldene. Albert Petersson blir direktør for karbid- og cyanamidfabrikkane i Odda. Sam Eyde får posisjon som den viktigaste industrileiaren fleire stader Norge. Albert Petersson får status som det moderne Odda sin far.

Manus og regi: Randi Storaas
Lyddesign: Arne B. Rostad
Film og droneopptak: Dag Endre Opedal
Foto: Harald Hognerud
Forteljestemme: Line Starheimsæter
Sitatstemmer: Nils Nordberg
Faglege konsulentar: Brita Jordal, Randi Bårtvedt m.fl.
Lengd: 25 min

Arrangementet er slutt ca 18.00

Venue

Gratis

Dato og tid

onsdag 11. oktober kl. 17:00

Medverkande

INDUSTRIPIONERANE