NATTSVØMMING

SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

BIKUBEGANG

LITTERÆR KRAFTSTASJON

BEDRIFTSBESØK

FOTBALLDEBATT

KLASSIKARSAMTALEN

HALLO ODDA!

FORFATTERBEVEGELSEN

ORD VI DELER

BIKUBESALONG

Eksklusive opplesingar heime hos folk.
Vi har dei siste åra arrangert eksklusive opplesingar i Frode Gryttens bikube, Murboligen i Odda sentrum. Tre bebuarar opnar sjenerøst dørene sine for publikum og let oss arrangere opplesingar i stuene deira. 

Birgit Alm les frå "Endelig skal vi le", om Elinor Nor som er åleinemor og student, og som kvar daga kjempar ein bitter kamp. For å få pengane til å strekkje til. For å vere ei god mor for ein unge som veks opp i eit nabolag der allste har Playstation, nye klede og alt anna dei måtte trenge. For å behalde eit fnugg av integritet i møte med husvertar, naboar og NAV, der ho finn seg i eit av fattigdomsspiralen sine mange paradoks: stoltheita ha kjempar så hardt for å oppretthalde, gjer det umogleg å svelge skamma ved å be om hjelp.

Kjell Ola Dahl les frå «Kureren», historisk krim av høy kvalitet. Hendingar under andre verdskrig dannar bakteppe for ei forteljing på to tidsplan; krigsåra og 1967. Avstikkarar til vår eiga tid inkludert. I 1942 er de to venninnene Ester og Åse unge vaksne. Ester, som er jødisk, må rømme til Sverige etter at ein angjevar nær har fått henne i tyskarane sine klør. Åse har barn med ein motstandsmann «på skauen», men ein gamal ven frå heimbygda entrar og scena. Like etter vert Åse funnen drepen. I 1967 bringes aktørene fra den gang sammen igjen. Kjell Ola Dahl gjev lesarane tette bilete av okkupasjonens Oslo, men óg av 60-talet og flyktningmiljøet i Sverige. Krigens moralkodeks står sentralt i ei bok der spenningsoppbygginga er upåklagelig, medan forfattaren sitt språk held seg nøkternt og sakleg.

Frode Grytten les frå Bikubesong i huset der alt starta. Romanen skildrar eitt år her i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger. Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.




 

Dato og tid

fredag 13. oktober kl. 13:00

Medverkande

BIKUBESALONG

Katalog 2018

 

Katalog 2018