LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

BARNEBOKBAD

Med Ingunn Thon, forfattar av «Ollis».
Barnebokbad er ein ny post på programmet under Litteratursymposiet. Og hera er det altså ein barnebokforfattar som skal badast, og barna skal styra showet og vera bademeistarar. Målsetjinga har vore  at biblioteket, saman med elevar frå 5.klassetrinn på Odda barneskole, skal lesa og ha samtalar rundt ei eigna bok, og me har valt boka «Ollis» av Ingunn Thon, som er ein ung dyktig forfattar og programleiar, og som me er så heldige å få besøk av under årets festival. Boka Ollis tek opp mange viktige tema, som vennskapen si tåleevne og kva som er ein «ekte» familie. Men her er det slett ikkje berre realisme, men også innslag av det magiske og eventyrlege. Heile 5.klassetrinn er no godt i gang med å lesa boka, og me har hatt samtalar rundt innhald og rundt kva som vil vera aktuelle spørsmål i ein samtale med forfattaren. Barnebokbadet skal skje på Odda bibliotek, laurdag 14.oktober, kl. 13.00, og då håpar me at mange 5.klassingar både er til stades og er veldig klar med mange gode spørsmål. Og så håpar me sjølvsagt på eit stort og interessert publikum i alle aldrar.

Venue

Gratis

Dato og tid

laurdag 14. oktober kl. 13:00

Medverkande

BARNEBOKBAD