SOGA OM GEIRMUND HELJARSKINN

Bergsveinn Birgisson presenterer nyfunnen sagahistorie!
Endeleg er ho funnen: Soga om den svarte vikingen!  Kven var eigentleg denne Geirmund Heljarskinn, kongesonen frå Avaldsnes i Rogaland som vart den mektigaste landnåmsmannen på Island på slutten av 800-talet? Dette var eitt av mange spørsmål Bergsveinn Birgisson for nokre år sidan stilte seg i boka Den svarte vikingen (2013). For Geirmund var definitivt ein mann ei soge verdig, men soga om han var ikkje skriven! Denne svært påfallande mangelen nærmar seg ei oppklaring. For no er soga om Geirmund Heljarskinn endeleg funnen!
 
Birgisson vart i 2014 kontakta av ein islandsk ven og kollega som hadde gjort eit sensasjonelt funn blant nokre avlagde dokument i det islandske nasjonalbiblioteket. Ein kopi av eit skinninnbunde handskrift frå eit no forsvunne kloster på Vest-Island, som gjev seg ut for å vere nettopp denne manglande soga  – og med det ei av dei tidlegaste innan soge-sjangeren og om mannen som vert sagd å vere den mektigaste av alle i Islands eldste historie. 

Viss det heile då ikkje er eit plagiat og eit falsum.  

Soga om Geirmund Heljarskinn vert lagd fram og kommentert av Bergsveinn Birgisson, som gjev ut soga i år. Ho er omsett frå norrønt av ein av våre fremste sogeomsetjarar, Jan Ragnar Hagland.

I samtale med Frode Molven. 

 
 

Dato og tid

søndag 16. oktober kl. 14:00

Sted

LAGMANNSTOVA, AGATUNET

Medverkande

SOGA OM GEIRMUND HELJARSKINN

Katalog 2018

 

Katalog 2018