ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

LESEHJELP - Opningar

Lesekurs med Anne Oterholm. Vi les dei første sidene i tre bøker og snakker om dei.
På forfattarskular, på festivalar, hos forlag, på litteraturhus arrangerast det skrivekurs. På desse kursa er det alltid nokon som seier: Å skrive, det handlar i grunnen mest om å lese, om å vere ein god lesar. Utan at nokon seier akkurat kva det vil si å vere ein god lesar? Det finst kanskje ikkje ein definisjon på
det. Det er lettare å si kva det ikkje er, enn kva det er. Det dreier seg definitivt ikkje om å finne fasitsvara på kva bøkene ein leser handlar om. Det dreier seg heller ikkje om å være ein profesjonell lesar (Ein kritikar? Ein norsklærar?). Kanskje handlar det om å diskutere kva som finst i bøkene og som gjer at vi reagerer på dei? Som absolutt ikkje gjer at vi reagerer likt på dei.

Kan ein leite seg fram til svara på kva det er som får skjønnlitteraturen til å fungere for den eine eller den andre? Forfattarar snakkar ofte om sånne spørsmål i poetikkar, i forfattarsamtalar, bokbad osv. Det hindrar ikkje at lesarane kan snakka om det same, kome til sine eigne konklusjonar. Det vert sagt om skjønnlitterære forfattarar at dei ofte ikkje er like smarte som sine eigne bøker. 

Symposiet byr på slike lesesamtalar for dei som bare vil lese! Vi arrangerer tre korte lesekurs for alle som er glade i �� lese. Ein kan følgje alle, eitt eller to.

Anne Oterholm, erfaren lesar, forfattar og lærar p�� skriveskulen i Tromsø, er programvert.

p.s. Vi minner om at det absolutt er ein fordel å ha lese bøkene først. Bestill billett, så får du kopi tilsendt på e-post. Eller kjøp boka.  

Dag 1 _ Å Etablera ein historie

Vi les opningane av tre ulike bøker. Korleis vert historia etablert? Kva liker vi?

Bøker:

Helle Helle - Hvis du vil

Ida Hegazi Høyer - Fortellingen om øde

Hilde Kvalvaag - Lev vel, alle


TORSDAG KL. 17.00 - 18.30 

Venue

100

Dato og tid

torsdag 13. oktober kl. 17:00

Medverkande

LESEHJELP - Opningar