LESEHJELP - Mann 72

Anne Oterholm loser oss gjennom lesing. Vi les novella "Mann 72 "( Frå "Menn som ingen treng", Frode Grytten, 2016) og snakkar om den.
På forfattarskular, på festivalar, hos forlag, på litteraturhus arrangerast det skrivekurs. På desse kursa er det alltid nokon som seier: Å skrive, det handlar i grunnen mest om å lese, om å vere ein god lesar. Utan at nokon seier akkurat kva det vil si å vere ein god lesar? Det finst kanskje ikkje ein definisjon på
det. Det er lettare å si kva det ikkje er, enn kva det er. Det dreier seg definitivt ikkje om å finne fasitsvara på kva bøkene ein leser handlar om. Det dreier seg heller ikkje om å være ein profesjonell lesar (Ein kritikar? Ein norsklærar?). Kanskje handlar det om å diskutere kva som finst i bøkene og som gjer at vi reagerer på dei? Som absolutt ikkje gjer at vi reagerer likt på dei.

Kan ein leite seg fram til svara på kva det er som får skjønnlitteraturen til å fungere for den eine eller den andre? Forfattarar snakkar ofte om sånne spørsmål i poetikkar, i forfattarsamtalar, bokbad osv. Det hindrar ikkje at lesarane kan snakka om det same, kome til sine eigne konklusjonar. Det vert sagt om skjønnlitterære forfattarar at dei ofte ikkje er like smarte som sine eigne bøker. 

Symposiet byr på slike lesesamtalar for dei som bare vil lese! Vi arrangerer tre korte lesekurs for alle som er glade i å lese. Ein kan følgje alle, eitt eller to.

Anne Oterholm, erfaren lesar, forfattar og lærar på skriveskulen i Tromsø, er programvert.

p.s. Vi minner om at det absolutt er ein fordel å ha lese bøkene først. Bestill billett, så får du kopi tilsendt på e-post. Eller kjøp boka.  

Dag 3. Vi les novella Mann 72

Eg veit ikkje om du hugsar episoden med
mannen som ei julehelg forsvann ein stad pa E16. Det
var ei historie som hamna i nyheitene, og folk flest
snakka om gamlingen som hadde kjørt opp og ned på
motorvegane, summa inn og ut av byane rundt
Oslofjorden, nordover og sørover på jakt etter den
ruta som skulle ta han heim til jul. Det heile enda
med at politiet tidlig om morgonen første juledag
fann den etterlyste bilen på ein parkeringsplass langs
vegen. Dei skrapa is av rutene og lyste inn i kupeen
med lommelykter. Sjåføren låg sovande i baksetet.
Han var lettare nedkjølt, elles verka det som han var i
bra form. Han blei tatt med inn på politistasjonen i
Sandvika, der han fikk kaffi og ein sjanse til a forklare
kva som hadde skjedd.


                                       Menn som ingen treng, Frode Grytten

Vi les novella og snakkar om den. 

LAURDAG KL. 15.00
 
 

Dato og tid

laurdag 15. oktober kl. 15:00

Medverkande

LESEHJELP - Mann 72

Katalog 2018

 

Katalog 2018