LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

ET HUMMERLIV

Erik Fosnes Hansen i samtale med Hallgeir Opedal om si siste bok.
 Erik Fosnes Hansen er fødd i 1965 i New York og vaks opp i Oslo. Han debuterte i 1985 med Falketårnet. Hans andre roman, Salme ved reisens slutt, kom i 1990 og vart ein stor suksess. Boka har gjennom åra gått sin sigersgang over heile verda.

For romanen Beretninger om beskyttelse (1998) fekk han tildelt Bokhandlerprisen. Romanen Løvekvinnen fra 2006 fekk også Bokhandlerprisen - og er kinoaktuell i desse dagar.
 
Ti år etter førre bok, kjem Fosnes Hansen denne hausten med sin femte roman: Et hummerliv; ei samansett historie med både komikk og tragedie. Den handlar om å bli vaksen, om å måtte strekkje seg litt lenger enn ein trur ein kan, om å forstå det ein ikkje vil forstå - og om den avstanden som kan oppstå mellom dei som eigentleg elskar kvarandre. Fosnes Hansen skildrar korleis sjølvbedraget kan bli ein mekanisme for å overleva og korleis vi lyg for oss sjølv og andre, fordi det er for vanskeleg å vera ærleg.

Møt Fosnes Hansen i bokprat med Hallgeir Opedal.
 

LAURDAG KL. 16.00

Venue

100

Dato og tid

laurdag 15. oktober kl. 16:00

Medverkande

ET HUMMERLIV