ALT SKAL UT + KONSERT DOUG SEEGERS

Jon Hjørnevik er tilbake! Konsert med Doug Seegers: Frå heimlaus til internasjonal musikarkarriere.

 Alt skal ut - av og med Jon Hjørnevik

Nei og nei. Poeten Jon Hjørnevik med Dagfinn Iversens Einmannsband,  kjem no til Odda og presenterer dessverre «Alt skal ut», ei komplett samling av Jon Hjørnevik sine seks hårete diktsamlingar. Her er alt oppkok samla saman i ein graut. Her dukkar det opp dikt med titlar som: Naken kaptein, NM i blomsterdekor, Fadder i Botswana, Vareoppteljing for eldre, Sverre med fingen, Vareoppteljing for eldre og Me manglar berre purreløk. Samt nytt stoff, som kjem i den sjuande samlinga.
 
Her er altså absolutt alt mogeleg, både i bok og på scenen.
Dette kan bli bra, men berre Gud veit.
 
Inntekta for kvelden går mellom anna til Dagfinn Iversen si husleige, ny dørmatte til Odda kommune og kampen mot akupunktur.
 
Gitaren er stemt og showet inneheld nynorsk.
 

Konsert Doug Seegers 

Etter Hjørnevik blir det konsert med Doug Seegers, ein heimlaus musikar som kom seg på beina etter mange år med rus. Han er stor i Sverige, og kommer til Odda denne onsdagskvelden. Som låtskrivar og artist ligg Seegers i ein klassisk tradisjon i dei amerikanske sørstatane, kor går grensene mellom country, soul, rock og blues er usynlige eller i det minste utydelige.

Dato og tid

onsdag 12. oktober kl. 21:00

Medverkande

ALT SKAL UT + KONSERT DOUG SEEGERS

Katalog 2018

 

Katalog 2018