LÅVE-VANDRING og foredrag

med Eva Røyrane, forfattar av boka "Norges Låver".
Ut på tur i Røldal med forfattar av Norges låver, Eva Røyrane!
 
Låven har vore landemerke i det norske kulturlandskapet i fleire hundre år og er eit signalbygg som viser den sentrale posisjonen bonden og landbruket famleis har her i landet.  Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apnetseth har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet. Heile tre løer i Røldal er med i boka Norges låver.

Med bonden sitt uthus som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også ei historie om Norge i dag. Dei presenterer mangfaldet frå velhaldne til forfalne låvar og frå tradisjonelle til arkitektteikna låvar. Dei viser nyare tids spesialiserte driftsbygningar og gamle landbruksbygg som har fått nytt innhald gjennom nye former for næringsverksemd. Boka er såleis eit referanseverk som viser dei mange ulike geografiske variantane, dei arkitektoniske kvalitetane og kulturminneverdien til denne bygningen.

Kl. 17.30 Løevandring med Eva Røyrane med oppmøte Øvre Rabba
Kl.18.30, Røldal bibliotek: Norges Låver: Foredrag ved Eva Røyrane

Kl.20.00, Tyst kafe: Konsert med Elin Furubotn.

Dato og tid

fredag 09. oktober kl. 17:30

Medverkande

LÅVE-VANDRING og foredrag

Katalog 2018

 

Katalog 2018